English

Kleiva

Surnadal

Kort om turen

Har du ei ledig stund til bussen din går? Treng du ein kort tur ut for å strekke på beina? Eller vil du sjå ein diktarheim litt utanom det vanlege? Da kan du ta deg ein tur opp til Kleiva, som ligg høgt oppi lia ovanfor Skei i Surnadal. Her budde bygdediktaren Hans Hyldbakk som Kleivakonge og eineherskar medan han levde. Bygningane er i dag ein del av Surnadal museum, og årleg samlar Vårsøghelga surnadalingane til Kleivakveld her oppe. Likevel er det enno alt for få som har oppdaga denne svært så sentrale turperla som ligg så nært at alle kan nå henne. Ein spasertur på ein stor kilometer etter grusveg er alt som skal til! 

Rutebeskrivelse

Viss du startar ved Surnadal kulturhus, går du over fotgjengarfeltet mot Coop Mega og skrår til høgre over parkeringsplassen du kjem inn på. Gå til venstre inn på vegen som går forbi Coop og ned mot Leitet. Rett etter å ha passert Coop tek du av inn på ein sideveg som skrår seg opp på øversida av vegen. Denne går inn under riksvegen like ved krysset og går parallelt med riksvegen nokre meter før den svingar seg oppover lia. Etter ca 1 km kjem du til ein krapp venstresving. Kleiva ligg i innersvingen her, og vegen ned til husa går ned i øverkant av svingen.

Adkomst og parkering

Det er to store parkeringsplassar rett utanfor Coop Mega på Skei. Den som ligg nærast butikken, er reservert kundane deira. Den som ligg utanfor denne, nærare Kulturhuset, er derimot open for alle.
Fottur
Grønn
Lengde
1,06 km en vei
Stigning
91 m
Tidsbruk
45 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,6

Offentlig transport

Startpunktet ligg så å seie på busshaldeplassen på Skei.

Annet

Du kan gå til Kleiva heile året når føret tillet det, men husa er berre opne for omvisning etter avtale med Nordmøre museum (http://www.nordmore.museum.no) eller ved særskilte arrangement. Sjå eks. http://www.varsoghelga.no.

Kart

Ikkje nødvendig
Kjørebeskrivelse
Print ut