English

Klakken

Volda

Kort om turen

Klakken ligg heilt sør i Volda kommune, mellom Dalsfjorden, Bjørkedalen og Harpefossen. Du har ei fantastisk utsikt i alle retningar. Klakken er ein tur der det er mest naturleg å starte i Sogn og Fjordane då der er god tilkomst frå Harpefossen skisenter. Nordfjordingane kallar Klakken for Sandegga, så all skilting mot toppen er merka med Sandegga.

Ruteskildring

Start ved nedre heisstasjon i Furuhogane, ekte Sunnmøringar går opp på austsida av trekket og opp til Tjønndalsvatnet, andre tek trekket opp, det går også å ta hovedtrekket opp og gå opp til Tjønndalsvatnet. Gå på austsida av vatnet og gjennom skaret opp til Kringlevatnet. Gå på austsida av Kringlevatnet og følg dalen mot nordaust og opp til høgda 1097, skilta med Steinegga, då ser du rett bort på Klakken. Vanlegvis er her preparerte løyper heilt til hit. Herifrå må du ned i skaret mellom 1097 og Klakken, gå så nordover mot toppen, det kan vere ein fordel å gå litt mot vest og krysse eit par gongar opp gjennom sida. Ver varsam når du kjem opp, utforhengande skavlar på nord og austsida. Turen er skilta med Nordfjordnavnet Sandegga.

Tilkomst og parkering

Ta av frå rv 15 på Haugen vestapå Nordfjordeid, skilta mot Harpefossen skisenter. Køyr fv 5747 og ta til høgre på Espe og køyr til Harpefossen. Harpefossen skisenter Furuhogane, avgift kr 50 (2013)
Skitur
Rød Fjell
Lengde
6,8 km en vei
Stigning
823 m
Tidsbruk
3 t. 55 min.
Sesong
Vinter, Vår
Høyeste punkt
1249 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 8

Kart

Kart 1119 II, 1218 I og Turkartet På Tur i Vanylven.
Køyreskildring
Print ut