English

Klåberget (vintertur)

Surnadal

Kort om turen

Klåberget er eit flott utsiktspunkt oppi fjellsida til Strengen. Traseen opp dit er relativt bratt, men du kan velje om du vil køyre same, bratte veg ned igjen, eller gjera turen til ein rundtur med ei litt lengre og slakare nedkøyring. Vegen opp til Klåberget er tråkka frå klubbhuset på Vang.   

Ruteskildring

Etter å ha parkert ved skiarenaen, går du i retninga du kom frå (austover) på nersida av vegen nokre hundre meter. Kryss vegen og Røelva og følj tråkka løype heilt opp til turposten. Ver merksam på at du ved lite snø kan måtte gå etter skogsveg det første stykket. Ned att kan du renne same vegen som du kom, men du kan også ta turen som ein «rundtur». Da  følgjer du løypetraseen vestover frå Klåberget, mot Fagerlivarden, Finnvikslettet og ned Langliene. På  nedturen passerer du Haukarberget, der il Søya har trimbok. Skitraseen ned Langliene endar óg ved parkeringsplassen ved Vang skiarena. Vel ein å ta turen som «rundtur», får ein ei langt slakare nedrenning enn om ein renner ned same vegen som ein gjekk opp. Ein kan òg sjølvsagt gå heile turen motsatt veg – starte opp Langliene og renne ned skogsvegen vest for Røgardane.

Dette er ein tur som lett kan forlengast. Frå Klåberget kan ein fortsette vidare mot toppen av fjellet Strengen. Her er det tråkka litt avhengig av snøforholda, så løypa opp til toppen av Strengen er ikkje oppkjørt heile vinteren. Frå Strengen er det  muleg å koma inn på løype oppkjørt frå alpinanlegget i Surnadal.  

Tilkomst og parkering

Denne turen startar ved Vang skiarena i Røgrenda i Surnadal kommune. Dersom du er ukjent og skal køyre til startpunktet, kan det vera lurt å ta utgangspunkt i eit vegkryss på riksveg 670. Dette ligg ein stor km frå fergeleiet på Kvanne i retning Skei. På øversida av vegen her startar Røvegen. Herifrå er vegen mot Vang skiarena skilta, og det er i underkant av tre kilometer fram dit. Ved skiarenaen parkerer du ved skilta, gratis parkering.

Skitur
Rød Løype
Lengde
3,4 km en vei
Stigning
447 m
Tidsbruk
1 t. 50 min.
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
578 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ukjent

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 6,8

Offentleg transport

Nei.

Kart

Køyreskildring
Print ut