English

Kjerringkjeftane

Volda

Kort om turen

Flott tur som gjev ei fantastisk utsikt over indre del av Hjørundfjorden/Storfjorden, og spesielt ned til Finnes og Kalens. Turboka er plassert på det høgste punktet (1028 m.o.h), men skal du få med deg den flottaste utsikta bør du gå nokre hundre meter til du kjem fram på kanten rett oppom Finnes.

Ruteskildring

Turen startar ca. 300 m.o.h. og går frå Bakkedalsvegen og langs elva oppover mot Ryssadalen og vidare mot Kjerringkjeftane. Start er skilta på oppsida av Bakkedalsvegen. Første del av stien kan av og til vere litt våt, men så vert det tørt og fint når ein kjem lenger opp. Går normalt greitt å krysse elva, men kan vere litt vanskeleg ved spesiellt stor vassføring. Dersom ein vil ha ein lenger tur kan ein ta til venstre eit stykke før ein kryssar elva, og gå opp på Dukhornet. Så kan ein gå ned frå Dukhornet til Russadalen og så opp på Kjerringkjeftane.

Tilkomst og parkering

Når ein kjem frå Kalvatn / Kvivsvegen så køyrer ein Skjåstaddalen til Bjørke. I vegkrysset nedom Bjørke skule tek ein til venstre mot Finnes der ein så køyrer oppover Bakkedalsvegen. Litt oppom Finnes er det betalingsboks for bompengar. Kr. 45.- som ein kan betale med kontantar eller på SMS. Parker langsmed vegen. Pass på at du ikkje parkerer til hinder for andre.
Fottur
Rød
Lengde
3,3 km en vei
Stigning
742 m
Tidsbruk
3 t. 25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
988 moh
Merking
Både skiltet og merket

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,5

Kart

Sunnmørsalpane

Betalingsmiddel for bomvei

Kontantar eller på SMS.
Køyreskildring
Print ut