English

Kilstisetra

Fjord

Kort om turen

Turen til Kilstisetra er ein lett tur der du får svært godt betalt: Eit uvanleg vakkert kultur- og naturlandskap innafor verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland, fiskemoglegheiter i Kilstivatnet (hugs å kjøpe fiskekort i gardstuna på Kilsti), eller kanskje eit friskt bad? 

Ruteskildring

Turen startar på parkeringsplassen Gjerdeneset på Kilsti. Flott utsyn over Eidsdal sentrum, fjorden og Norddalsbygdene frå parkeringsplassen. Her er det òg sett opp ei informasjonstavle med oversyn over aktuelle turar i området og innteikning av alle rutene på flyfoto. Ruta til Kilstisetra er godt merka og skilta frå parkeringsplassen. Ein går fyrst oppover bakken ved parkeringsplassen. Her kan myra vere litt våt i regnvêrsperiodar. Etter kring 150 meter vert terrenget lettare, og ein kryssar ei elv på god bru. Vidare opp til Kilstivatnet der råsa svingar over ein liten kolle før ein kjem ned til ei båtstø med eit naust. Ruta går vidare over ein slak kolle før råsa går langs Kilstivatnet heilt inn til Kilstisetra. Merk: Dersom ein har barnevogn, kan ein fylgje kommunevegen vel 300 meter vidare frå parkeringsplassen til eit gardstun. Det går grusveg/traktorveg gjennom gardstunet og opp til båtstøa ved Kilstivatnet, og går fint å trille vogn opp. Vi oppmodar om at folk flest likevel nyttar den merka turruta. Grunneigarane er gjestfrie folk, men det er ikkje kjekt å ha eit kontinuerleg "renn av folk" gjennom tunet.

Tilkomst og parkering

Turen startar frå parkeringsplassen på Gjerdeneset, Kilsti. Frå Eidsdal sentrum fylgjer ein rv. 63 kring 6-7 km opp til Rønnebergvegen. Det er skilta til Rønneberg/Kilsti. Ta av frå hovudvegen og følg Rønnebergvegen i 5-6 km til parkeringsplassen på Gjerdeneset. I sommarsesongen er det sett opp bord/benkar på parkeringsplassen. Vegskiftet til Rønnebergvegen ligg mellom Eidsvatnet og Eidsdal sentrum. Gjerdeneset, Kilsti. Ikkje parkeringsavgift
Fottur
Grønn
Lengde
2 km en vei
Stigning
104 m
Tidsbruk
1 t. 15 min.
Høyeste punkt
551 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4

Offentleg transport

Det går skulebuss til Kilsti i skuleåret. Avgang frå Eidsdal sentrum kl.14.

Anna

Turen er godt skildra i boka "Opptur Geirangerfjorden". Turen inn til Kilstisetra er fyrste etappen på ein runde ein kan forlenge til å omfatte heile "Kilstimarkene". Då kan ein gå innom to sætrar og 2-3 fjordgardar i løpet av ein dag. Dette er ein fin tur med litt større barn, og sjølvsagt ei perle for dei som ynskjer å besøke fleire av fjordgardane våre.

Kart

Turkart Norddal kommune 1:50 000 og turkart Stranda kommune 1:50 000
Køyreskildring
Print ut