Keipen er ein kjegleforma topp og mange vil hevde at dette er eit av dei vakraste fjella i Volda,- særleg sett frå Bjørkedalen. Frå toppen er det fantastisk utsikt ned i Bjørkedalen. Turen går gjennom flott furuskog og seinare i ope landskap på god sti. Du passerer også nokre idylliske småvatn. Det er flott utsikt på heile turen
Starten på stien er merka med skilt til Heida og til Keipen. Det er god sti heile vegen til topps delvis merka med pinnar og vardar. Ein går gjennom spanande furuskog opp til Heida, og det er fleire utsiktspunkt undervegs. På Heida er det eit eldre sel og eit anna som står til nedfalls. Stien går bortetter ryggen og han er også delvis merka med vardar. Stien siste bakken mot toppen er tydeleg og går på ryggen mot vest. Nokre vil oppleve det som litt luftig å gå heilt fram til varden, men det er verdt å prøve for utsikta ned mot Bjørkedalen er super! Men om du ikkje vil gå heilt fram, kan du sitte trygt på ryggen før varden og du har likevel flott utsikt! Returen tek du same veg.
Frå Volda tek du ferge til Folkestad og køyrer i retning Nordfjordeid (FV651). Når du kjem til Straumshamn skal du ta av mot Fyrde og følge Bjørnesetvegen i ca. 1,7 km. Like etter oppheving av 50-sona, tek du av til høgre på god skogsveg som du skal følge i svingar opp til Lisjedalen (skilta til Brundalsstøylen). Det er greit å finne parkeringsplass i enden av vegen. Her startar stien. Bompengar kr. 50 for personbil (2024), Vipps eller kontant.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 6 |
Det er mulig å starte turen ved småbåthamna som du passerer på Straumshamn. Sjå etter skilt