English

Keipen på Skorpa

Herøy

Ruteskildring

Å besøkje Skorpa er meir eksklusivt enn å få audiens hjå Kongen. Ein kjem seg til Skorpa kun med båt og når været tillet det. Ver obs på flo og fjøre i innseglinga då den har fleire småskjer. På Skorpa kan du oppleve ville geiterdu er heldig, eller gå fjøra til Vårfjøsen i Skorpesundet som vart brukt til skjulestad for mange under krigen. Vårfjøsen er restaurert av Rotary. Flott fjelltur med nydeleg utsikt mot Stadt og Sunnmørsfjella. Toppen er 431 m.o.h. Øya vart fråflytta ca 1970, og der er no kun fritidsbustader. Keipen på Skorpa 431 m.o.h

Etter siste huset i busetnaden tek ein til høgre og følger sti gjennom steingard. Følg steinmura sti videre mot vest. Oppe på fjellryggen følgjer du stien videre mot aust til toppen. På toppen har ein nydeleg utsikt mot Nerlandsøya, Svinøya, Stadt og innover mot Sunnmørsfjella. Det er også å anbefale å ta turen til Skorpesundet for å sjå vårfjøsen som er restaurert av Herøy Rotary. Mykje krisgshistorie knytter seg til denne staden. Der er informasjon om krigen inne i vårfjøsen.

Tilkomst og parkering

Ein kjem seg kun til øya med båt. Ver obs på flo og fjøre, då der er mange skjær i innseglinga
Fottur
Blå
Stigning
440 m
Tidsbruk
2 t. 15 min.
Høyeste punkt
431 moh

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut