English

Litledalstinden om Keipen

Ørsta

Kort om turen

Ein av mange flotte turar i Bondalen! Variert med nokre slakke parti, nokre brattare parti, og litt småklyving, men ikkje utsett. Flott utsikt på det meste av turen. 

Rutebeskrivelse

Gå på tydeleg sti i knapt 2 km til du kryssar elva (ca. 600 moh). Like etter at du har kryssa elva deler stien seg (N62° 13.100' E6° 25.008'). Du skal ta av til høgre på ein litt mindre tydeleg sti enn den som går vidare framover dalen. Det er merka med ein liten varde.Ganske snart ser du ein høg varde oppå ein stein. Ta til høgre rett etter steinen på ein utydeleg sti. Den blir tydelegare når du kjem oppå ein rygg, og den er lett å finne heile vegen opp til Keipen, delvis merka med vardar. Ta deg tid til å stoppe på Keipen (971 moh). Det er flott utsikt her! Om du vil, kan du la dette vere dagens turmål, eller du kan gå vidare til Litledalshornet som du ser lenger oppe. Det er ca 300 høgdemeter dit. Det er tydeleg trakk vidare så det er lett å finne ei god rute. Nokre vil nok synest at det er litt meir krevande/utsett, og det er også litt enkle klyving. Men det er ingen spesielt utsette parti/punkt så dei fleste vil nok synest at det er greit å gå hit. Alternativ start, og minst like vanleg, er start frå Heimste Holen. Det er godt skilta.

Adkomst og parkering

Frå Ørsta følger du FV655 mot Sæbø. Omlag 2 km før du kjem til Sæbø, tek du av opp Holebrauta. Ta så første veg til høgre (Gamle bondalsvegen). Du ser straks Heimste Holen og skilt til Standalseidet og Litledalen.
Fottur
Svart
Lengde
9,13 km tur/retur
Stigning
1211 m
Tidsbruk
5 t. 20 mi

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 8,6

Offentlig transport

Buss til/frå Sæbø. Gå til start frå FV655 http://www.frammr.no

Kart

Sunnmørsalpane
Kjørebeskrivelse
Print ut