English

Keipen

Sande

Kort om turen

Keipen ligg på sørsida av Gursken med god utsikt over Gursken. På turen til Keipen passerar du Middagsvatna, der er tillaga med sitteplassar og grue so der er god moglegheit å få grille seg ei pølse og kvile på veg til Keipen. Gursken IL har trimpost på Keipen.

Rutebeskrivelse

Råsa byrjar ved parkeringsplassen på toppen av Drageskaret, den går etter fjellryggen Langhamrane opp forbi kvilesteinen og mellom Knottahornet og Svedehornet, går vidare innover fjellet til du kjem til skilta Keipen Veten, då tek du til venstre. Råsa går då på nordsida av Langevetevatnet, mellom Middagsvatna og derifrå austover til Keipen. Frå Keipen er der moglegheit å fylgje ei rås som går til Torsethornet og utpå Veten og bruke den som alternativ retur. Du kjem inn på sporet ditt ved skiltet Keipen Veten. Alle desse råsene er godt merka.

Adkomst og parkering

Drageskaret på fv 61 mellom Gursken og Larsnes. Parkeringsplass på toppen av Drageskaret
Fottur
Rød
Lengde
8,6 km tur/retur
Stigning
700 m
Tidsbruk
3 t. 55 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 8,6

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III, Sunnmorskart.no
Kjørebeskrivelse
Print ut