English

Kamben på Bjørke

Volda

Kort om turen

Ein lett tur som gir deg superfinutsikt når du kjem opp på Kamben. Passar for alle, også som familietur.

Ruteskildring

Start ved Bakketunet. Her er det skilta mot Kamben og Leira. Følg skogsvegen knapt 1,5 km. Der skogsvegen sluttar, svingar stien mot venstre. Du kjem til eit stidele der du kan velge å gå til Kamben eller over til Leira. Stien vidare til Kamben er merka. Du kjem om litt opp på myrlendt område. Her kan stien vere litt utydeleg, men sjå deg om etter merking så finn du vegen. På Kamben er det fin utsikt utover fjorden og mot Viddal

Tilkomst og parkering

Køyr E39 frå Volda mot Hornindal/Stryn. Like før Kvisvtunnelen tek du av mot Bjørke og Viddal på Skjåstaddalen. Etter om lag 10 km kjem du til eit kryss. Ta av til høgre på Bjørkegardane, skilta mot Tyssefossen. Følg denne vidare, ta opp til høgre på Åkre etter 1,2 km og vidare, knapt 300 m, til du ser turstart (sjå etter turskilt). Parkering der turen startar. Pass på at du ikkje står i vegen for andre. Merk at den opparbeidde P-plassen er reservert Bakketunet.

Fottur
Blå
Lengde
5,25 km tur/retur
Stigning
342 m
Tidsbruk
2 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
376 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,5

Offentleg transport

Nei

Anna

Du kan kombinere turen med besøk i Bakketunet, men sjekk opningstider.

Kart

Sunnmørsalpane
Køyreskildring
Print ut