English

Kalvgjeltind

Molde

Kort om turen

Vistdal/Eresfjord : Fin skitur med jamn stigning meir eller mindre rett til topps, 1279 moh. Panoramautstikt fra toppen som du neppe vil gløyme. Ned igjen kan du nyte pudderføre i om lag 850 meters fall!Siste del i åpen bjørkaskog. Alternativ til å følgje setervegen framover Håndedalen er å krysse elva rett nedom parkeringsplassen. Og ta skogen rett opp derifrå . Det er stort sett berre når elva er frosen eller det er veldig mykje snø, at det er muleg å krysse elva. Frå toppen av Kalvgjeltinden er det heller ikkje langt til Vasstindbu. Ein avstikkar dit er ikkje å forakte !

Ruteskildring

Etter parkering ved RV 660 ca 400 moh øverst i Vistdalen, tar du på skia og følgjer setervegen (passer bommen) framover Håndedalen . Etter ca 850 meter ser du 2 gamle seterbuer på andre sia av elva. Det er Haustengsetra og rett nedom der ser du brua som du skal over. Derfor tar du av frå setervegen og ned mot elva.Passer mellom seterbuene og følg skogen meir eller mindre rett opp. Etter passering av skoggrensa, unngå å halde til venstre inn under den store botnen oppunder Kalvgjeltinden. Her kan det vere rasutsatt. Det er tryggare å følgje den meir avblåste ryggformasjonen på høgre side. Siste del mot toppen blir det både brattare og smalare. Kan hende må du ta skia på ryggen om det er hardt og isete. Alternativt kan du sette igjen skia her.

Tilkomst og parkering

Det er hipp som happ om du kjem via Vistdal eller Eresfjord . Du startar frå Fv 660 øverst i Vistdalen, rett ovom den siste skarpe svingen der det er ein liten parkerinsgplass. Kalvgjeltinden er den kvasse toppen rett opp på andre sia av elva.
Skitur
Rød Topptur
Lengde
3,46 km en vei
Stigning
909 m
Tidsbruk
2 t. 50 min.
Sesong
Vinter, Vår
Høyeste punkt
1228 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Nei

Kart

M711 1320 II Eresfjord
Køyreskildring
Print ut