English

Kalvedalen

Ørsta

Kort om turen

Kalvedalen er ein idyllisk dal. Her er det eit vatn som du kan bade i eller som du kan fiske i.Det er ein lett tur som dei fleste klarer og utsikta mot sunnmørsalpane er upåklageleg. Du har flott utsikt til m.a. Kolåstinden

Rutebeskrivelse

Gå grus-/traktorveg langs dyrkamarka. Rett etter at vegen svingar til høgre går stien opp til venstre. Stien er bra tydeleg heile vegen opp til Kalvedalen. Her er nokså vått terreng og det kan vere litt glatt nokre plassar, så godt fottøy er viktig. Oppe i Kalvedalen kan det vere fint å stoppe ved hytta. Men ein liten tur langs vatnet er også fint. Er det varmt og godt, freistar det kanskje med eit bad?

Adkomst og parkering

Frå Ørsta: Køyr mot Sæbø (655). Ved Høgebrua tek du av opp Follestaddalen (Fv 55). Du kan velje kva side av dalen du vil køyre på. Der vegane møtest fremst i dalen, går vegen vidare over mot Standalseidet. Like før Myklebustsætra (N62° 14.200' E6° 19.409') køyrer du over ei bru og vidare langs dyrkamarka. Parker der vegen møter kraftlinja. Det er plass til nokre bilar der grus-/traktorvegen startar
Fottur
Blå
Lengde
3,13 km tur/retur
Stigning
353 m
Tidsbruk
1 t. 40 mi

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 2,9

Offentlig transport

Nei

Annet

Om du vil fiske, må du sette deg inn i reglane for fisking i vatn og elvar: http://www.statskog.no/fiske/Sider/Fiskekort.aspx

Kart

Sunnmørsalpane

Lenke til turbeskrivelse

Friluftsforeninga Volda - mandagstur
Kjørebeskrivelse
Print ut