English

Kallskaret frå Herdalsosen

Fjord

Kort om turen

Spennede og variert tur til det rustraude "månelandskapet" i Kallskaret naturreservat. Like ved ruvar Kallen, ein tjue meter høg olivinmonolitt som vaktar over naturreservatet - med storslått utsikt over Tafjordbygda som du kan sjå langt der nede.

Ruteskildring

Turen startar på parkeringsplassen ved nausta ved osen i nordenden av Herdalsvatnet. Gå om lag 100 meter tilbake på vegen og kryss elva på gangbua. Følg skilting.

Turruta går vidare langs vatnet mot søraust i om lag ein kilometer. Stien er stundom litt ulendt på grunn av ur, og det kan vere våte parti. Stien er utbetra med klopper og steinsetting på nokre punkt dei siste åra.

Etter kryssing av Kallskarelva på bru gå det bratt oppover til Kallskarsetra med sine to sel (700 moh.). Etter du har passert setra er det slakare stigning oppover til terrenget flatar ut ved skoggrensa. Herifrå er det lettgått terreng og fleire fjellvatn fram mot naturreservatet (950 moh.). Stien er merka. Turkasse på hytta som ligg 3-400 meter før toppunktet.

Ver merksam på at det kan ligge snø på denne turen til godt ut i juni.

NB! Vi minner om at dette er eit verna område med dei rettane og pliktene som det medfører. Sjå lenke til naturbase for meir informasjon.

Tilkomst og parkering

Frå ferjekaia i Eidsdal køyrer du først langs fjorden mot Norddal, ca. 5 km. Ved Nærbutikken tek du til høgre framover i bygda og køyrer i om lag 2 km. Her er det skilta til Herdalssetra, følg denne vegen. Privat veg. Bompengar.

Herifrå er det 7-8 km på bomvegen fram mot Herdalsvatnet. Parkering ved Herdalsosen, ved nausta i nordenden av Herdalsvatnet.

Fottur
Blå
Lengde
5,05 km en vei
Stigning
502 m
Tidsbruk
3 t. 50 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
957 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5

Anna

Det mest spesielle er olivinlandskapet og geologien i den austre delen av Kallskardalen. Her er ryggar av olivin som er rustraude av forvitring. Denne bergarten er næringsfattig, derfor er her elles lite vegetasjon og ein har fått eit "månelandskap". Dette er freda som Kallskaret naturreservat.

Heile turen går i Geiranger - Herdal landskapsvernområde, øvste delen ligg innanfor Kallskaret naturreservat.
Les om Geirangerfjorden Verdsarv her: https://www.fjordsenter.com/om-verdsarven/

Det finst eldgamle fangstanlegg høgt oppe i fjellsida mot sør.

På veg opp er det fin utsikt ned mot Herdalen og Herdalssetra, som er i aktiv drift med geiter i sommarsesongen. 

Ved enden av turruta ser du den karakteristiske Kallen og det er god utsikt ned mot Tafjordbygda. Det er mogleg å halde fram på rås ned til Onilsavatnet i Tafjord. Her er merka løype, noko bratt og gjennom ei ur.

Kart

Turkart Norddal kommune, turkart Tafjordfjella

Lenke til turskildring

Betalingsmiddel for bomvei

Kortautomat
Køyreskildring
Print ut