English

Kallset

Surnadal

Kort om turen

Dette er ein lett tur i idylliske omgivelsar ved sjøkanten i Bøfjorden. Turen går etter grusveg, så her vil ein lett kunne ta seg fram med både barnevogn og elektrisk rullestol. Vegen går delvis nesten nedi fjøresteinane og gjer dette til ein tur med ei utruleg nærheit til sjøen og mykje vakker utsikt mot fjord og fjell.

Ruteskildring

Køyr til Bøfjorden og fortsett rett fram i krysset ved Settem. Parker på anvist plass ved Heggemsneset og følg grusvegen vidare utover langs sjøkanten til Kallset.

Tilkomst og parkering

Det er skilta parkering ved Heggemsneset.

Fottur
Grønn
Lengde
4,1 km tur/retur
Stigning
31 m
Tidsbruk
1 t. 10 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
62 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 4,1

Offentleg transport

Nei

Anna

Turen er skilta etter nasjonal standard. Bøfjorden i.l. har trimpost/-bok ved Kallset.

Kart

Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000), men ikkje nødvendig
Køyreskildring

API endepunkt

Turdata GeoJSON