English

Julaksla

Molde

Kort om turen

Turen til Julaksla gjev deg ei fantastisk utsikt over havet i vest og panoramaet av fjell i sør og aust!

Ruteskildring

Stien startar i vegkanten og etter få meter finn du ei informasjonstavle om området. Stien er ganske tydeleg i starten og ein får kjapt kjenne på motbakken. Der det er som brattast er det lagt ut sikringar. Det er bratt berre eit kort stykke før det flatar ut igjen. Turen består av fleire bratte stigningar og flate platå. Fleire stader dreier stien brått, andre stader er det "falske" stiar, men i slike område er ruta merka med raudt. Følg sti til toppen av fjellet, retur same veg.

Tilkomst og parkering

Julsundet. 1,5 km etter passering av nedkøyring til fergekaia i Mordalsvågen. Frå Molde: forbi nedkøyring til fergekai i Mordalsvågen og vidare vestover i ca 1, 5 km. Rundt ein krapp høgresving forbi nedkjøring til fergeleiet i Mordalsvågen og videre vestover ca. 1,6 km, og rundt en krapp høyresving. ca. 100 meter etter utgangen av denne svingen er det parkeringsplass på øversida av vegen. Gå tilbake langs vegen i ca. 150 meter og stien startar i vegkanten.
Fottur
Blå
Stigning
505 m
Tidsbruk
2 t. 35 min.
Høyeste punkt
538 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,4
Sti 4,8

Offentleg transport

Du kan ta buss til og frå start/stopp. Sjekk ruter på http://www.frammr.no

Kart

Turkart Molde
Køyreskildring
Print ut