Frå parkering ved Pusken går du på grusveg over brua og etter omlag 150 meter tar du til venstre. Fortsett på grusveg og ta av til venstre over brua. Vidare passerer du ein nedlagd fellesfjøs og ved enden av vegen starter råsa til høgre for elva. Turen til Jolbotn/Kleiva går gjennom lett stigande terreng og har god rås. I Jolbotn krysser du elva og fortsett på venstre side av elva. Turen fortsett vidare langs nordsida av Kleivavatnet. Vidare passerer du Fantehammaren, som du kan passere ved å gå over berget eller følgje vass-kanten. Turkasse ved vatnet.Tilbake kan du ta same ruta, eller gå ned Klevibabotnen til Pusken. Råsa er dårleg merka. Alternativt kan du gå Dalskleiva ned mot Øvstedal i Tresfjord.
Frå Fv 650 på Mo, tar du av til fylkesveg og køyrer fram mot Overøye. Fortsett forbi skitrekket omlag 2 km til parkering ved brua på Pusken. Parkering kr. 50,- (automat).
Tidsbruk
3 t. 55 min.

Underlag |
Lengde i km |
Sti |
10,8 |
Ikkje bussrute mellom Mo og Overøye. Sjå forøvrig bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå frammr.no
Køyreskildring
Print ut