Jærmannburet er med sine 99 m.o.h det høgste punktet på Gossen.Turen opp hit er ein fin tur som passar for dei fleste, ein startar på grusveg og ender opp på sti i terreng mot toppen. På toppen av Jærmannburet har du flott utsikt over heile Gossen, ein ser majestetiske fjell i øst mot Vestnes og himmelen som møter storhavet i vest.
Frå parkeringsplassen er det grusveg oppover mot toppen av Jærmannburet. Eit stykke før høgdebassenget, før grusvegen tar slutt, er det ein sti på høgre side av grusvegen som går mot toppen av Jærmannburet (99 m.o.h.). Følg denne stien til toppen av Jærmannburet.
Alternativ tur er å gå ein rundtur rundt Jærmannburet: Frå parkeringsplassen ved Hoksneskrysset føl ein grusvegen forbi stien (evt. ein tur til toppen av Jærmannburet først) og opp til høgdebassenget som ligg på 68 m.o.h. Her er det rasteplass med informasjonstavle, benkar og bord. Vidare kan ein følgje stien gjennom skogen og ned ein ganske bakke og vidare gjennom byggefelt på asfaltert veg. Ved leikeplass og gapahuk, tek ein mot høgre og ned mot hovudvegen. Gang- og sykkelveg tilbake til Hoksneskrysset og parkeringsplassen.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Grus | 0,5 |
Sti | 0,5 |