English

Illstigvatnet i Storkaldhusdalen

Fjord

Kort om turen

Fin tur i lett terreng. Idyllisk med skjervar og furuskog, ei elv med små fossar og stille kulpar og fleire vatn. Det er vilt og vakkert i Storkaldhusdalen, ein inngangsport til Tafjordfjella. Turen følgjer T-merka sti.

Ruteskildring

Turen startar ved enden av vegen ved fremste Kaldhussætervatnet. Vatnet er regulert og ved startpunktet er det ein kraftstasjon i fjellet.

Første stykket går gjennom bjørkeskog langs vatnet, i ei litt ulendt rås/sti (ca 1 km). Dette er ei DNT-rute med T-merka vardar langs råsa (stien). Ved enden av vatnet er det myrlendt og det kan vere noko vått. Det er lagt ut stokkar å gå på langs somme av dei våte partia. Når vi nærmar oss elva vert det meir skjervar og glissen skog. Råsa kryssar elva på ei fin hengebru og held fram oppover dalen på høgre sida av elva. Der er det lett og fint terreng med skjervar, berg, furuskog og lauvskog. Råsa går langs elva, den er fin med små "fossar" med stille kulpar mellom. Det er muleg å bade fleire stadar.

Litt lenger framme kjem vi forbi fleire små vatn, og her kryssar vi elva igjen på ei hengebru. Etter brua går råsa opp ein liten kneik der det kan vere litt luftig ut på kanten - pass på! - elles er det flatt fram mot Illstigvatnet.

Når du kjem fram mot vatnet, ta av til høgre frå hovudråsa ved kraftstolpe. Følg råsa eit par hundre meter bort til vatnet. Det er myrlendt og råsa kan ha våte parti og vere litt utydeleg. Det er Tafjord Kraft - Jeger og fiskeforening som eig hytta som ligg ved vatnet.

Hovudråsa går videre fram gjennom Storkaldhusdalen mot Slettdalen og Viavatnet. Dette er ei DNT-rute, og det er merka med raude T-ar både mot Geiranger og vidare innover i Tafjordfjella.

Dette er ein lett tur i ope terreng, og vi brukar 60 – 90 minutt i normal gange ein veg. Det er om lag hundre høgdemeter stigning, frå startpunktet til Illstigvatnet på 692 moh.

Merk at det kan vere jaktlag i området i september og oktober.

Det er delvis mobildekning i området (for Telenorabonnentar).

Tilkomst og parkering

Frå Valldal køyrer du gjennom Fjørå-tunnellen og innover mot Tafjord (12 km). Frå Tafjord er det om lag 12 km, delvis bratt oppover, til Kaldhussætra. Følg skilting. Køyr heilt til enden av vegen, ved fremste Kaldhussætervatnet. Parkering ved Tafjord Kraft sin kraftstasjon, pass på at bilen ikkje er til hinder for trafikk til og frå stasjonen.
Fottur
Blå
Lengde
2,9 km en vei
Stigning
173 m
Tidsbruk
1 t. 55 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
708 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3

Offentleg transport

Nei

Anna

Les meir om historien til Tafjord Kraft her: https://historie.tafjord.no/ Om kraftanlegga i Tafjord: https://www.tafjord.no/media/1042/kraftanleggene-i-tafjord.pdf Om Tafjordfjella som turområde: https://ut.no/omrade/1230/tafjordfjella

Kart

Turkart for Norddal 1:50 000, Tafjordfjella 1:50 000
Køyreskildring
Print ut