Å gå på Igesundhetta og Igesundvarden er ein bynær rundtur med god utsikt over Fosnavåg og det meste av Herøy.
Turen byrjar på øvre Myklebust. Gå først mot vest opp ein anleggsveg, her kan det verte forandringar p.g.a. utbygging, når du kjem oppom anleggsvegen går råsa over nokre myrar, det kan vere litt vått her, når du kjem opp til Vikevatnet deler råsa seg og går på begge sider av vatnet, tek du til høgre kjem du til Igesundhetta, tek du til venstre kjem du til Igesundvarden, så her er det ditt valg kva veg du vil gå rundturen. Turen går då rundt Vikevatnet og Storevatnet. God rås og godt skilta i vegkryssa.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 3,5 |