English

Hytta ved Goaldet på Lepsøya

Ålesund

Kort om turen

Ein fin trimtur som kan gåast i nesten alle verforhold heile året. Hytta er ein god rasteplass som gjev ly både for sol og storm. Viss ein tek turen opp til toppen kan ein nytte peileskiva som gjev informasjon om fjell og hav i kring deg. Hytta ved Goaldet. Lepsøy Idrettslag og gode frivillige hjelpere har bygd ei steinhytte like innunder Goaldet, som er toppen på Lepsøya. Her kan du nyte medbrakt kaffe og niste og utsikta innover Romsdalsfjorden og fjellheimen rundt.

Ruteskildring

Lett synleg sti frå startpunktet til StikkUt-punktet, med god merking. Fyrste biten går på ein gamal traktorveg. Resten går på ei godt trakka rås oppetter fjellsida. I vått ver kan råsa vere sleip, så gode sko tilrådast.

Tilkomst og parkering

Sanitetshuset / Fjellvegen på Lepsøya. 62°36'41.58"N 6°12'12.34"Ø Asfaltert veg frå ferjekai, ca 20 min gangavstand. Parkeringsplass ved startpunkt.
Fottur
Blå
Lengde
4 km tur/retur
Stigning
440 m
Tidsbruk
2 t. 10 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3

Offentleg transport

Ferje frå Skjeltene til Kjerstad (Lepsøy) eller Hurtigbåt frå Ålesund til Kjerstad (Lepsøy). Rutetider på frammr.no. Fra ferjekaia til der turen startar (Sanitetshuset/Fjellvegen) tek det 20 min å gå på asfaltert veg.

Kart

093 Vigra
Køyreskildring
Print ut