English

Hundetjønna

Aukra

Kort om turen

Lett fin tur som går delvis etter eit gammalt kulturminne, ei vassoverføringsgrøft frå Hundetjønna til Hollingsbukta. Ved Hundetjønna er det gapahuk og bålplass. Ein sein kveldstur til Hundetjønna er ein spesiell opplevelse. Ofte er det ei trolsk stemning ved at det ligg lett tåke over vatnet. I vatnet veks det mykje vassliljer som blomstrar veldig fint. Samme som start stad.

Rutebeskrivelse

Kjør ca. 400 m frå krysset til Hollingsholm ferjekai, i retning Jendem. Ta av til høgre og parker på parkeringsplassen. Turen startar frå parkeringsplassen ved riksvegen der gardsvegen til Lauvåsen tek av. Følg gardsvegen 0,7 km opp til der stien til Hundetjønna tek av. Stien går austover og fram til gapahuken ved Hundetjønna. Lett fin tur som går delvis etter eit gammalt kulturminne, ei vassoverføringsgrøft frå Hundetjønna til Hollingsbukta. Ved Hundetjønna er det gapahuk og bålplass. Turen er ca. 1,5 km.

Adkomst og parkering

Kjøyr ca. 400 m fra krysset til Hollingsholm ferjekai, i retning Jendem. Ta av til høgre og parker på parkeringsplassen. På parkeringsplassen ved riksvegen. Ingen parkeringsavgift.
Fottur
Grønn
Lengde
1,39 km en vei
Stigning
80 m
Tidsbruk
55 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 1,6

Offentlig transport

Atlantic Auto

Kart

Topografisk kartserie M711 Blad 1220 I Hustad
Kjørebeskrivelse
Print ut