English

Huldrehornet, 271 moh.

Herøy

Kort om turen

Huldrehornskogen" er ein spennande skog med gamle furutre og ulike lauvtre før ein kjem opp over tregrensa og får flott utsikt. Her er fine turstier frå mange kanter som alle fører deg til topps på 271 moh. Stiane gjev òg høve til fine rundturar, og frå toppen går det merkt sti vidare til Rjåhornet, 598 moh. Nokon hevder at det er den lågare knausen rett aust for toppen som er Huldrehornet, men her følgjer vi Kartverket som har Huldrehornet som høgste punktet. I Djupvika er det vanleg å bruke namnet Nipa på toppen. I riktig gamle dagar vart toppen kalla Djupvikehorn - eit namn som sikkert hadde stått seg godt i dag òg. For den som lik å klyve litt byr sørvestsida på bratt og utfordrande terreng. Elles er fjellet lett tilgjengeleg for dei aller fleste. Dei merkte rutene til Huldrehornet går frå Stemmedalen, Myrvågneset (via Dyrkyrkja), Myrvåg og Djupvikvatnet. Frå Stemmedalen kan du gå både via Stemmedalsvatnet og Lidafjellstien. Du kan òg starte i Djupvika og følgje stien mot Rjåhornet og ta til høgre på flata mellom Rjåhornet og Huldrehornet. Den mest brukte ruta går frå Djupvikvatnet, men mange går òg via Stemmedalsvatnet og Dyrkyrkja. Alle rutene er omtalt under.

Ruteskildring

Rutene som er omtalt her har det nummeret som du etter kvart vil finne på tavlene på dei ulike startstedane. Alle rutene er skilta og merkt med stikker m/refleks. Ein rundtur frå Stemmedalen er valt som hovedrute på denne sida. Det er turbok i postkassa på toppen. Rute nr. 4: Djupvikvatnet - Huldrehornet På vestsida av Djupvikvatnet går det to merkte ruter til Huldrehornet. Denne er den sørlegaste og startar ca. 600m sør for "The Rock". Stien dreier raskt mot sør før den dreier vestover igjen etter ca. 300m. Nokre parti kan bli litt blaute etter regn. Stien følgjer så kraftledningen oppover dalen før den dreier opp mot platået mellom Huldrehornet og Rjåhornet. Ta til høgre her og følg stien til Huldrehornet. Det er naturlig å lage ein rundtur av rutene 4 og 5. Rute nr. 5: Djupvikvatnet - HuldrehornetPå vestsida av Djupvikvatnet går det to merkte ruter til Huldrehornet. Denne er den nordlegaste og startar ca. 350 m sør for "The Rock". Dette er truleg den mest brukte ruta til Huldrehornet. Det er tydeleg sti opp gjennom skogen. Nokre parti kan bli litt blaute etter regn. Over skoggrensa følgjer du snauryggen til topps. Rute nr. 6: Myrvåg - Leitet - HuldrehornetRuta startar i siste vegkryss på Myrvåg-sida av Aurvågtunnelen. Følg gårdsvegen 350 m oppover, så på sti 0,7km opp til stikrysset ved "Leitet". Ta til venstre og følg stien 0,8 km opp til Huldrehornet. Rute nr. 7+8: Myrvågneset - Dyrkyrkja - Leitet - Huldrehornet Stien går frå gamlevegen som går på utsida av Aurvågtunnelen. Etter 650 m kjem du til eit stikryss like ved Dyrkyrkja. Ta turen dei 70 metrane bort til Dyrkyrkja for ei fin utsikt mot Myrvåg og Dragsund. Her finn du òg turbok.Følg stien vidare sørvest til stikrysset ved "Leitet". Følg stien 0,8 km opp til Huldrehornet. Rute nr. 27+9: Stemmedalen - Leitet - HuldrehornetRuta startar ved Stemmedalen vassverk. Følg anleggsvegen 0,9 km opp til Stemmedalsvatnet. Gå over brua og følg stien 1,1 km opp til stikrysset ved "Leitet". Ta til høgre og følg stien 0,8 km opp til Huldrehornet. Rute nr. 27+10: Stemmedalen - Lidafjellstien - Leitet - HuldrehornetRuta startar ved Stemmedalen vassverk. Følg anleggsvegen 0,4 km opp til starten av Lidafjellstien (skiltet). Følg Lidafjellstien 1,3 km mot nordøst til du møter stien frå Dyrkyrkja og Myrvågneset. Ta til høgre og følg stien 260 m ned mot stikrysset ved "Leitet". Følg stien 0,8 km opp til Huldrehornet.

Tilkomst og parkering

Rute nr. 4+5: Djupvikvatnet - Huldrehornet Følg fv. 654 mot Fosnavåg. Ved Myrvåg tek du til venstre ved skiltet "The Rock". Følg grusvegen 250 m til "The Rock" der det er god plass for parkering. Følg vegen 350 m sørover til du ser skiltet "Huldrehornet 1,1 km" eller 600 m til du ser skiltet "Huldrehornet 1,8 km" og "Rjåhornet 3,7 km". Begge skilta er festa på eit tre, på høgresida av vegen. Rute nr. 6: Myrvåg - Leitet - Huldrehornet Følg fv. 654 mot Fosnavåg. Ved Myrvåg tek du til høgre ved skiltet "Aldersheim" og så til venstre og parker ved bedehuset ved enden av vegen. Frå bedehuset følgjer du gang- og sykkestien bort til vegkrysset før Aurvågtunnelen og krysser veien. Her er det skilta "Huldrehornet 1,9 km" og "Stemmedalsvatnet 2,1 km". Rute nr. 7+8: Myrvågneset - Dyrkyrkja - Leitet - Huldrehornet Følg fv. 654 mot Fosnavåg. Ved Myrvåg tek du til høgre ved skiltet "Aldersheim" og så til venstre og parker ved bedehuset ved enden av vegen. Frå bedehuset følgjer du gang- og sykkestien bort til vegkrysset før Aurvågtunnelen. Følg gamlevegen (på utsida av tunnelen) 400 m til du ser skilta "Dyrkyrkja 0,7 km", "Huldrehornet 2,4km" og "Stemmedalsvatnet 2,6km". Rute nr. 27+9/10: Stemmedalen - Leitet - Huldrehornet Følg fv. 654 mot Fosnavåg. Ca 0,8 km etter Aurvågtunnelen (på Tjørvågsiden), tek du til venstre og følg den smale asfalterte vegen til Stemmedalen vassverk. Ved avkjøringa frå hovedvegen vil du sjå retningsskilt mot Rjåhornet, Dyrkyrkja, Huldrehornet og Stemmedalsvatnet. Parker omsynsfullt ved vassverket ettersom tankbilar treng plass for å snu her. Ved Stemmedalen vassverk
Fottur
Blå
Lengde
5,4 km rundtur
Stigning
310 m
Tidsbruk
2 t. 10 min.
Sesong
Høst

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3,8

Offentleg transport

Busstopp nær avkjøyringa til Stemmedalen

Anna

Stemmedalsvatnet er drikkevasskjelde
Køyreskildring
Print ut