Fin tur som passar for alle, ikkje minst som familietur eller ein rask trimtur. Turen går i ope lende med god sti og utsynet er flott.
Start turen ved parkeringsplassen ved Hammarstøylsvatnet. Stien er svært tydeleg heile vegen og delvis merka. (På andre sida av vegen går stien til Hasundhornet, også eit populært turmål.) Følg stien over Ramnefjellet og vidare til Hovdenakken. Frå toppen er det merka vidare austover og ned mot Hovden. Går du ned her, får du ein fin overgangstur. Nedstigninga til Hovden er brattare enn ruta frå Fjelle. Lenka "Sunnmøres små og store fjellturar - Hovdenakken" viser ei anna rute. Denne startar ved eit dyrkafelt litt nærmare Hareidseidet. Ei litt kortareog litt våtare rute, men også eit greit ruteval.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 4,7 |