Horndalsvatnet er eit fint turmål som passar for heile familien. Det er skogsveg heile vegen, litt av eldre dato og litt av nyare dato. Her er flott når sola skin og trolsk når det er gråver.
Gå gjennom grinda til du kjem til ein skogsveg ved ei turtavle og skilt. Følg skogsvegen; det er skilta. Ved bommen følger du den litt eldre skogsvegen (skilta). Følg denne skogsvegen heile vegen til Horndalsvatnet. Undervegs passerer du skilt til Skarphornet og Homborsetsætra. Du skal ikkje ta av i nokon av desse retningane, men følge "hovudvegen" heile vegen til vatnet. Du kan følge same veg tilbake eller følge ruta som er skildra her: Følg same veg som du kom forbi skilting til Homborsetsætra og vidare. Etterkvart kjem det ein veg som går til venstre (det er om lag ein km frå Horndalsvatnet og til der du skal ta til venstre). Følg denne og du kjem over på den nye skogsvegen til Høgedalen. Følg den nedover til du er nede att ved start. Det er fine utsiktspunkt undervegs.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Asfalt | 1,2 |
Grus | 4,5 |
Sti | 1 |