Hombersetsetra ligg langt aust på fjellryggen frå Rotsethornet. Setra er knutepunkt for stiar frå Rotsethornet, Høgedalen og Rotevassdalen over Jargrinda.Her er turen omtalt frå Botnasanden over Høgedalen Hombersetsetra
Turen startar ved fremsteledet, dvs. snuplassen ved Botnasanden. Gå langs Rotevatnet til skogsvegen til Høgedalen/Lisjedalen, og følg den gamle skogsvegen til Høgedalen. Vel inne i Høgedalen kjem du til skilt merka Homberesetsetra. Her sluttar skogsvegen og det er sti vidare. Gå opp gjennom bregneskogen og du kjem til eit idyllisk vatn oppunder fjellet Fannene på venstre side. Følg stien til du kjem til eit stiskille, og ta av mot Hombersetera. Herifrå vakker utsikt mot fjellområda på sørsida av Austefjorden