English

Holsvatnet, Rakvåg

Molde

Kort om turen

Holsvatnet ligg i idylliske omgivelser øverst i Rakvågen/ Hole. Ein flott universell uforma sti er laga rundt heile vatnet. Der er laga solide bruer over bekkar og det er satt ut benker og fiskebrygger langs ved stien. Der er fine badeplassar langs med vatnet og ein flott Villmarksleir som er satt i stand av Midsund Jeger og Fiskeforening.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen følgjer du vegen vidare og ein kjem først til Villmarksleiren som Midsund Jeger og Fiskeforening har laga. Der er eit flott bålhus med benkar utanfor. Vegen går vidare fram til den delar seg og ein kan ta av og følgje Skarsvegen til venstre mens vegen rundt Holsvatnet fortset til høgre.Der er satt ut benker, laga møteplassar, fiskeplasser og bruer langs med vatnet. Stikk UT!-posten ligg på motsatt side av vatnet. Stigen går så vidare tilbake til parkeringsplassen og langs nordsida av vatnet. Her er fine badeplassar som vert benytta på fineversdager Turen rundt er på 2,4 km og den er universell utforma og ein kan godt kome seg rundt med rullestol eller barnevogn. Holsvatnet har eiga Facebook side:https://www.facebook.com/pages/Holsvatnet/354969951257113

Tilkomst og parkering

I Rakvågen tek du av frå hovedvegen ved busslomme og ved nedlagt butikk. Der er merket med STIKK UT!-skilt ved vegen. Hald til venstre der vegen delar seg først og ta til høgre i neste kryss. Då kjem du etter kvart til parkeringsplass til Holsvatnet og Skarsvegen. Parkeringsplass ved Holsvatnet.
Fottur
Grønn
Lengde
2,4 km tur/retur
Stigning
0 m
Tidsbruk
40 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Kart

Turkart 1:50 000 Harøyfjorden

Lenke til turskildring

Romsdals Budstikke sin beskriving av turen, 21.03.2015
Køyreskildring
Print ut