English

Holstadhornet

Hareid

Kort om turen

Ein av sentrumstoppane i Hareid. Den andre er på motsatt side av dalen; Melshornet. Turen opp til Holstadhornet går på hellelagd sti (Køyrevegen) store delar av vegen. Du har flott utsikt mot mellom anna fire fergstrekningar

Rutebeskrivelse

Start i Torkelvegen. Det er skilta mot Holstadhornet. Du kan følge denne skiltinga om du vil. På denne ruta går du opp ein blindveg der du parkerer (motsatt retning av skiltet mot Holstadhornet), inn på sti over ei mark og så kjem du inn på god, hellelagd sti; Køyrevegen. No er det tydeleg sti heilt til topps. Nokre fuktige parti mot slutten, men elles er det tørt og fint. Det ligg ein varde like nedanfor toppen mot Hareid. Det er vel verdt å svinge innom den. Flott utsikt mot m.a.Hareid sentrum. Returen kan du ta via Nonsberget. Her har du utsikt ned mot Brandal. Om du helst vil gå på sti, følger du same ruta ned som den du kom opp, men følg den mest tydelege stien når du er nesten nede (130 moh). Då kjem du ned mellom to hus lengst inne i Torkelvegen. På sporet her har eg fulgt ryggen eit stykke før eg har sikta meg tilbake inn på stien på ca 300 moh. Oppe på ryggen er det ikkje sti, men fint å gå

Adkomst og parkering

I rundkøyringa i Hareid sentrum, like ved fergekaia, tek du av mot Brandal. Køyr straks opp Kvisla, så Hovlidvegen og opp Torkelvegen Plass til å parkere i Torkelvegen ved ei mark der det er skilt mot Holstadhornet
Fottur
Blå
Lengde
7 km rundtur
Stigning
510 m
Tidsbruk
3 t. 5 min.
Sesong
Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 6

Offentlig transport

Buss eller ferge til Hareid sentrum. Gå/sykle til start Buss: frammr.no Ferge: Norled (2018)

Kart

norgeskart.no

Lenke til turbeskrivelse

Holstadhornet - hareidlandet.no
Kjørebeskrivelse
Print ut