English

Holskarsætra og Daurmålhornet

Volda

Kort om turen

Turen går i fin gran- og bjørkeskog, og blant blåbærlyng langs ei elv. Det er flott utsikt frå toppen til heile Hornindalen. Ruta frå Holskarsætra til Daurmålhornet er ein del av fjelløpet "Hornindal rundt". Ruta går langs ei elv. Kanskje finn du deg ein kulp å bade i?

Rutebeskrivelse

Start ved Taraldset, like aust for ei lita bru over Holskarelva. Her er godt skilta mot Holskarsætra, Daurmålhornet og Gulekoppen. Stien er tydeleg og går på austsida av Holskarelva. Det er jamn stigning opp til omlag 600 høgdemeter. Her flatar det ut til Holskarsætra. Du skal over ei lita elv før du kjem bort til sætra. Her er det skilta vidare. Stien er tydeleg, og den fortsetter langs elva. I 730 meters høgde kjem du til eit stidele der det også er tydeleg skilta kvar du skal (Daurmålhornet/Gulekoppen - N61° 58.505' E6° 38.563'). Ta til venstre over ei elv, slik skiltet viser. Stien er no tidvis noko meir utydeleg vidare mot Daurmålhornet, men følg dei kvite merka så finn du vegen. Dei kvite merka markerer ruta til "Hornindal rundt".

Adkomst og parkering

Like vest for Hornindal sentrum tek du av mot Stranda/Sykkylven/Ålesund på FV 60. Etter ca 500 m, like før ein krapp sving, tek du av til Tomasgård. Køyr forbi eit par gardstun og ta så til venstre (726). Køyr vidare ca 4-5 km. Sjå etter turskilt på høgre side av vegen. Parker ca 150-200 m aust for der stien startar
Fottur
Blå
Stigning
554 m
Tidsbruk
4 t. 55 mi

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 7

Offentlig transport

Nei

Lenke til turbeskrivelse

Ti turar med Turbo - Indre Nordfjord turlag
Kjørebeskrivelse
Print ut