Ein fin og utfordrande sykkeltur som gjev fin trimm. Ta avstikkeren fram på Gammelsetra der er det fin utsikt over bygda, Gossen og Oterøya. Langt ute i vest - nordvest ser vi Ona, Bjørnsund og Bud. Frå Gammelsetra ser ein og innover mot Tautra og fjord og fjell lenger inne.
Parker ved gamleskulen i Julsundet (Fanghol). Følg gangvegen i retning Molde ca.300 m. til Hola. Følg grusa sti frå informasjonstavla. Etter grinda tek du til høgre og følger Fjellvegen vidare oppover til du har passert Dammen. Ta til venstre på dårleg sti til Pettermyra. Over Pettermyra til traktorvegen som kjem frå Bringslia og følg denne. Ta til venstre ved Bringslisaga og ned til fylkesvegen. Vidare denne til Helset og sykkel/gangveg attende til utgangspunktet. Turen kan og syklast i mottsatt retning
Parkering ved gamleskulen (Fanghol) Ingen parkeringsavgift.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Asfalt | 4,9 |
Både i Pettermyra og på toppen av Klauvsdalen er det "Torvholer", her vart det spadd brenntorv.