English

Hoksnesfyret

Aukra

Kort om turen

Turen til Hoksnesfyret er ein kort og lett tur for heile familien. Stien går gjennom fin skog, og fram til fyret. På berga ved Hoksnesfyret er det mange flotte fiskeplassar. Så hugs fiskestang! Liten kvilebenk ved fyret som ein kan sitte på og nyte matpakken. Flott utsikt mot Jendemsfjellet og Tornes i Fræna kommune.Startar ein turen tidleg på dag, kan ein sitte ved fyret og nyte ein vakker soloppgang. Start- og sluttsted for turen er det samme.

Rutebeskrivelse

Ferge frå Hollingsholmen (rute 31). Dersom ein kjem kjøyrande med bil, følg skilt frå fergekaia mot Nyhamna. Hoksneskrysset er ca. 2,5 km før ein kjem til Nyhamna. Sjå etter skilt Jermannburet og Hoksnes, og sving til høgre i krysset. Køyr rett fram mot Hoksneset. I neste kryss hald til høgre, og følg vegen ned mot sjøen. Parkering nede ved Hoksnesbukta. Stien startar til høgre for parkeringa. Følg stien som slynger seg gjennom skogen fram til Hoksnesfyret.

Adkomst og parkering

Turen starter ved parkeringsplass i Hoksnesbukta. Følg skilt mot Nyhamna og Hoksneset. Parkeringsplass ved badeplass i Hoksneset. Ingen parkeringsavgift.
Fottur
Grønn
Lengde
0,6 km tur/retur
Tidsbruk
10 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 0,6

Offentlig transport

Aukra Auto frå Molde til Hollingsholm og ferga over til Aukra. Aukra Auto har nokre avgangar til Hoksneset. http://www.177.no http://www.aukra.kommune.no
Kjørebeskrivelse
Print ut