English

Høgsetra

Ålesund

Kort om turen

Tur langs seterveg, skogsveg og på rås det siste stykket. Varierer mellom lett stigning og flatare parti. Snøfritt midt i mai. På Høgsetra er det berre dei fine, gamle murane igjen etter sel og fjøs. Fin utsikt mot bygda og Storfjorden mot Ramstaddalen og Søvika på andre sida. Høgsetra er også ein fin mellomstasjon på ei av rutene til Giskemonibba.

Ruteskildring

Følg skilta seterveg opp frå Giskemosaga mot Høgsetra og ta av til venstre i første vegdele. Her går det ein skogsveg i eit flatt parti nordover. Følg skilta vidare og gå skogsvegen heilt til endes. Der vegen endar, kryssar du ei grov og held fram på ei rås oppover ein bakke. Følg råsa til du kjem inn på stølen og ser husmurane. Kasse med turbok på fjøsmur midt på stølsområdet.

Tilkomst og parkering

Ta av frå fylkesveg 103 Giskemo på sørsida av brua over Ørskogelva. Veg til Giskemosaga og lunneplass. Skilt mot Høgsetra, Lisetsetra og Snaufjellet. Parkering her ved Giskemosaga. Giskemosaga.
Fottur
Blå
Lengde
4,4 km tur/retur
Stigning
279 m
Tidsbruk
1 t. 50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
369 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 2
Sti 2,2

Offentleg transport

Fram ekspress til Valgermo.

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut