English

Høgfjellet, Midøy

Molde

Kort om turen

Det er to fjell som heiter Høgfjellet på Midøy. Denne toppen ligg på Nordre Midøy rett ovanfor Nygårdsvika, og denne ruta er beskriven med utgangspunkt frå Fredheim, som er det gamle forsamlingshuset på Nordre Midøy.

Rutebeskrivelse

Følg stien bak Fredhiem og etterkvart kjem du inn på ein gamal kjerreveg som vert kalla Fetastien. Når stien flatar ut på høgda vart stien noko utydeleg og går i myrete terreng. Her skal du følgje stien vidare framover helt til du ser sjøen på andre sida. Då ser du rett ned på Sandan og Hamnaneset. Stien er noko utydeleg her og deler seg nokre plassar, men du skal fortsette nordover. Då kjem du etterkvert til Blåbærskaret og her er siste stigninga før du kjem opp til toppen. Turkassa er plassert rett under ein av toppane, og er synleg frå stien.Toppen ligg 231 m.o.h. og her har du god utsikt inn til Midsund sentrum, samt øyane utanfor. Dersom du ønsker å ta ein ordenteleg rundtur kan du fortsette på stien vidare til du kjem ned på Bjørnerem. Her kan du følgje stien ned til Kjelsvika og gå til Sandan. Du kan godt besøke Bjøreremshellarane før du fortsetter turen opp Breidalen og kjem opp på sien som fører ned til Frdeheim igjen.

Adkomst og parkering

Parkering ved Fredheim på Midøy. Gamle forsamlingshuset på Nordre Midøy. Frå Midsund/ Molde: Ta til høgre etter Midsundbrua og køyr ca 1 km.
Fottur
Blå
Lengde
1,1 km en vei
Tidsbruk
35 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 0,8

Annet

Kart

Turkart 1:50 000 Harøyfjorden
Kjørebeskrivelse
Print ut