English

Høgenipa – rute 45 – frå Landsverk i Syvde til Høgenipa

Vanylven

Kort om turen

Fottur til Høgenipa som med sine 1097 m.o.h. er det tredje høgste fjellet i Vanylven. Bomveg opp til 400 m.o.h. og lett terreng på sti heile vegen til topps. Frå toppen er det flott utsikt mot nord, vest og sør. Flottast utsikt mot aust får ein ved å gå til austenden av den vassrette ryggen mellom Høgenipa og Lisjenipa på den andre enden av ryggen.

Ruteskildring

Dette er ein flott tur for dei som ynskjer å gå lett til toppen av eit av dei høgste fjella i Vanylven. Det er lett og ope terreng og mesteparten av turen går i sørvendt terreng. Turen er godt skilta og merka. Høgenipa er, sett frå Syvde og andre av bygdene i Vanylven, ein lett gjenkjenneleg pyramideforma topp. Dette er også eit av dei mest kjende fjella i kommunen. Det er fleire alternative ruter til toppen av Høgenipa, men den som du no les om på morotur.no er den mest brukte.

Tilkomst og parkering

Bomvegen startar på Landsverk. Ta av mot Nordal eit par hundre meter nord for sentrum i Syvde. Følg dalen og ta av til venstre over ei bru etter 2,3 km. Ta til venstre rett etter brua og køyr 200 meter til starten av bomvegen. Det er skilta mot Høgenipa ved begge desse vegkryssa. Bompengar på kr 30 betaler ein rett etter at ein har køyrt over brua på Landsverk. Det er god plass til parkering på enden av bomvegen. Det er skilta mot Høgenipa på parkeringsplassen, og heile turen er godt merka. 
Fottur
Blå
Lengde
9 km tur/retur
Stigning
712 m
Tidsbruk
6 t. 25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
1097 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 9

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps
Køyreskildring
Print ut