English

Høgda på Eika

Ulstein

Kort om turen

Den vesle øya Eika er ei perle på Sunnmøre, og er mykje brukt av turgåarar. Turen går på grusa veg frå start, og kan derfor brukast av svært mange, sjølv om det pga. underlag og nokre stigningar ikkje er ein veg med universell utforming. Likevel er dette ein tur som mange, også med barnevogn og rullestol vil kunne gjennomføre. Frå Høgda kan ein velje å gå vidare til søre-Eika, som også går på grusveg, og har nydeleg utsikt mot Yksnøya, Voldsfjorden og Velsvika. For dei som vil kan ein ta stien frå Høgda, og nordover mot den vesle toppen Vassnakken. Turmålet Høgda ligg langs sjølve vegen, og her finn du benkar og eit bord til ein kvil eller ein matbit.

Ruteskildring

Turen startar ved parkeringsplassen rett aust for inngangen til Eiksundtunellen. Vegen deler seg etter nokre hundre meter, og ein tek då til høgre, og svingar etter kvart rundt Eikenakken, før ein når Høgda, som er høgste punktet på turen.

Tilkomst og parkering

Frå Volda/Ørsta, ta Eiksundsambandet gjennom Eiksundtunellen, og sving til høgre før Eiksundbrua. Frå Ulstein/Hareid/Fosnavåg, køyr mot Volda/Ørsta, og ta til venstre rett før Eiksundtunellen. Parkering rett etter avkjøring. Parkering rett etter avkjørsle frå hovudvegen.
Fottur
Grønn
Lengde
1,46 km en vei
Stigning
63 m
Tidsbruk
30 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
75 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,48

Offentleg transport

Køyreskildring
Print ut