English

Høgberget

Surnadal

Kort om turen

Høgberget er eit turmål som passar for alle, men som særleg er ei perle for nybegynnarar: Turen er for det første kort. Den er dessutan fri for stupbratte bakkar som tek motet frå ein som ikkje er topptrena. Sist men ikkje minst: Når du kjem fram til målet, ventar eit storslagent utsyn over flatbygda i Surnadal på deg. Kanskje ein motivasjon for å søkje mot andre toppar seinare? For den veltrena er nok turen i kortaste laget om ein startar frå Idrettshallen, men dei som bur i nedre Surnadal kan godt gå eller sykle fram til startpunktet og på det viset forlenge distansen. Dette er også ein tur ein kan ta familien med på ein søndag eller ein fin sommarettermiddag. Blir ungane litt lei oppover lia, kan ein kanskje leggja ein avstikkar bort til klatrejungelen som skuleungane har laga seg borte i skogen. Utsiktspunktet Høgberget.

Rutebeskrivelse

Start ved Surnadal idrettshall på skuleomådet på Øye.Ta stien opp i rabben i framkant av redskapshuset som står ved Idrettshallen. Gå vidare bak plasthallen som tilhøyrer Surnadal vidaregåande skule og ta inn på skogsvegen bak hallen. Her er det ofte ei grind med eit innkøyring forbudtskilt på. Fortsett oppover denne skogsvegen. Eit stykke etter at du har passert ei demning på høgre side av vegen, viser eit skilt i venstre vegkant kor stien mot Høgberget startar. Stien er tydeleg, så det er ikkje vanskeleg å finne fram.

Adkomst og parkering

Surnadal idrettshall på Øye. Ved idrettshallen.
Fottur
Grønn
Lengde
3,8 km tur/retur
Stigning
134 m
Tidsbruk
1 t. 20 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 1,8

Offentlig transport

Det går fleire bussar forbi skuleområdet på Øye dagleg, men dei fleste vil nok anten køyre bil, gå eller sykle til startpunktet ved Idrettshallen.

Annet

• Du kan treffe krøtter på beite det første stykket av skogsvegen- ta omsyn til dei! • Lukk grinder og utgardarsopningar etter deg Turbeskrivelsen vil bli oppdatert våren 2017 pga. vegbygging og endringar på stien.

Kart

Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000)
Kjørebeskrivelse
Print ut