English

Høgåsen - Hjartå

Volda

Kort om turen

Variert tur som passar godt som familietur. Fin utsikt frå toppen og ein gapahuk du kan søke ly i. 

Ruteskildring

Start frå ungdomshuset (tidlegare Hjartå skule). Ruta som er omtala her går ned gjennom skogen ved ungdomshuset, i søraustenden av grusbana. Følg tydeleg sti som etterkvart er merka mot Furneset. Den går først i granskog, etterkvart langs sjøen til du kjem til eit lite gardstun. Passer gardstunet på marka på oppsida av løda og gå inn på ein veg. Denne vegen følger du vidare opp ein bakke i ca 200 m til du kjem til skilt merka m.a. til Høgåsen. Følg stien inn i skogen og opp til Høgåsen. Like før du kjem opp til sjølve Høgåsen og utsiktspunktet, ser du skilt til Skulen. Denne merkinga skal du følge etterpå, men ta først avstikkaren opp til toppen (Høgåsen). Gå tilbake og følg skiltet "Skulen". Denne ruta er litt kortare og brattare enn den ruta du kom. Du kjem tilbake til start i vestenden av grusbana, gjennom ein port i gjerdet.

Tilkomst og parkering

Følg E39 frå Volda sentrum mot Stryn. Like før Hjartåbergtunnellen tek du av mot Hjartåbygda og følger Hjartåbygdvegen om lag 2 km. Like etter nokre svingar, ser du skilt "ungdomshus-skule". Ta av på den smale vegen Åsemyra (den øvste vegen) og følg denne til du kjem til nokre privathus og til ungdomshuset (tidlegare Hjartå skule). Her startar turen. Parker ved ungdomshuset der turen startar
Fottur
Blå
Lengde
2,70 km rundtur
Stigning
174 m
Tidsbruk
1 t. 30 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
181 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,5

Offentleg transport

Buss Volda-Stryn frammr.no

Kart

Sunnmørsalpane
Køyreskildring
Print ut