English

Hjelmen

Surnadal

Kort om turen

Hjelmen, 978 meter over havet, er eitt av dei store landemerka i Surnadal. Turen opp til toppen av fjellet er ikkje så lang, men ganske bratt. I nokre korte parti mot toppen må du rekne med å klive litt. Frå toppen ser ein alt frå hav til fjellheim. Smøla gøymer seg i disen utanfor Tustna, og trollheimsfjella helsar når ein ser innover.

Ruteskildring

Køyr over Åsskardhøgda til Settemsdalen. Sving inn på ein grusveg som går bortover ekrene på høgre side av vegen like før du kjem til Bøfjordkrysset. Har du låg bil eller bil utan 4-hjulstrekk, parkerer du ved enden av denne ekra. Køyr (eller gå) så opp ein bakke. Når vegen deler seg, køyrer du oppover til høgre. Parker der det er skilta «Mjølkplasshauan». Gå vidare etter skogsvegen. Den deler seg oppi bakken, og da tek du til venstre. Du kjem da straks til Almbekken, og kryssar den. Deretter er det berre å følgje stien oppover til toppen av Hjelmen. Stien er tydeleg heile vegen, og er dessutan merka. Berre ein plass må du passe på. Det er der stien frå Settemsdalen kjem inn på Fjordruta. På tur oppover går det greitt, for da møtest dei to stiane. På nedovertur må du hugse på å ta til venstre der stien deler seg. Viss ikkje hamnar du på Haugaskaret.

Tilkomst og parkering

Parkering ved Mjølkplasshauan i Settemsdalen. Vegen opp til Mjølkplasshauan er ein landbruksveg, så vi vil ikkje anbefale folk med låge bilar, eller bilar utan firehjulstrekk, å køyre heilt opp til Mjølkplasshauan. Dei kan i staden sette att bilen på alternativ, skilta parkering nede på flata.

Fottur
Rød
Lengde
6,4 km tur/retur
Stigning
767 m
Tidsbruk
3 t. 25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
960 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5,4

Offentleg transport

Du kan koma deg til Settemsdalen med buss. Derifrå kan du gå fram til startpunktet.

Anna

Ta omsyn til dyr på beite. Køyr sakte om dei oppheld seg ved vegen, og lukk grinder og andre stengsler etter deg! Det er sett opp ein del skilt langs stien som viser stadnamn, til dømes «Trollstien» og «Bjørnetrappa». Her kan ein la fantasien få vandre fritt omkring mulege årsaker til namnet…..

Kart

Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000)
Køyreskildring
Print ut