English

Hidsegga - Grøthornet rundtur

Sande

Kort om turen

Flott og spennande tur med mykje fin utsikt.

Ruteskildring

Frå parkering på Hide, følger du traktorveg mot Hidsdalen. På vegen oppover kryssar du ei elv, så her er det fullt mogleg å fylle drikkeflaska. Når du kjem til om lag 150 moh. er der eit skilt som peikar mot Hidsegga der du skal ta av. Følg så merka sti oppover mot Hidsegga. Det kan vere litt vått i starten på dette området om det har vore mykje nedbør. På om lag 300 moh. kan du velge om du vil gå bratt og rett opp til Hidsegga, eller om du ønsker å gå litt slakkare.

Om du velger å gå litt slakkare, vil du få fin og luftig utsikt til Hidsneset. På om lag 480 moh. møtes stiane som går vidare til toppen.

Om du velger å gå bratt, går ein del av stien i steinete ur, men greitt å gå.

På toppen av Hidsegga 556 moh., er det plassert ut ei «sikterose» som viser namna på dei nærliggande fjelltoppane. Frå toppen har du god utsikt mot Herøy og øygruppa Flåvær.

Fantastisk utsikt utover havet mot øyane i Sande kommune og Svinøya.

Følg no merka sti vidare mot aust, her kan du nyte flott utsikt innover mot Sunnmørsalpane. I dette område går det som regel ein del sauer om sommaren. Etter at du har gått meir eller mindre flatt nokre hundre meter, kjem du til ein liten nedoverbakke, ved enden av denne bakken er ei lita elv, men det er ikkje noko problem å kryssa denne. Følg så stien vidare til du kjem til eit kryss, her finn du oversiktskart og skilt. Ta av mot Gjerdsvika. Etter om lag 100 meter kjem du Grøthornet 454 moh. Følg stien vidare nedover mot ein Gapahuk. Her er det fint for ei god pause.

Følg så merka sti mot Trolltua og vidare til Hidsdalen. Frå Trolltua, har du god utsikt over Gjerdsvika, og når du kjem til Hidsdalen kjem du inn på same traktorveg som du starta på frå parkeringa. Følg traktorveg tilbake til parkering, ca. 1,8 km.

Om ein ønskjer å forlenge turen, så er det eit godt alternativ å legge turen via Tarbergtua, på turen mellom Hidsegga og Grøthornet. Frå Tarbergtua har du flott og litt luftig utsikt utover Moltustranda.

Tilkomst og parkering

Start ved hovudvegen og følg grusvegen som går mot Hidsdalen. Det er mogleg å parkere ved hovudvegen (møteplass / busslomme) ca. 100 meter nord for der grusvegen startar mot Hidsdalen.

Fottur
Rød
Lengde
8,97 km tur/retur
Stigning
587 m
Tidsbruk
3 t. 45 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
555 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 2
Sti 7

Offentleg transport

Kart

Sunnmøre
Køyreskildring
Print ut