Ein lett tur for både små og store i eit lett tilgjengeleg turområde. Du kjem vekk frå trafikken i sentrum og kan nyte den fine utsikta til Ørskogvika og Ørskogbygda. På berga nede ved sjøen kan det vere fint å prøve fiskelukka.Du kan ha med barnevogn på denne turen når det er bar mark. Vegen blir ikkje brøyta om vinteren.
Frå parkeringa sør for fotballbana startar turen mot syd, forbi Sjøholt Camping og vidare vestover langs Ørskogvika. God skogsveg fører fram mot dette turmålet, - siste stykket er det god og tilrettelagt sti ned mot svaberga. Terrenget er stort sett flatt men med nokre slakke bakkar. Vegstandarden gjer det lett framkomeleg både med barnevogn og sykkel om sommaren. Du kan også møte bilar, men bom over vegen avgrensar biltrafikken.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Asfalt | 0,6 |
Grus | 2,4 |