English

Hestevatnet

Haram

Kort om turen

Hestevatnet ligg 228 moh. og er ein fin tur for både store og små. Hestevatnet er drikkevaskjelda til store delar av Haram og Sandøy Kommune. Etter stigninga opp til vatnet ligg terrenget ope og flatt og namnet kjem truleg av at vatnet ligg rett nedanfor Hildrehesten. Ein kan fortsette vidare ifrå sluttstaden/postkassa til Litle Hestevatnet, Eggene, Hesten, Synnalandshornet, Sætrevatnet eller Ryssdalen.

Ruteskildring

Ein starter turen ved å gå over demninga ved Synnalandsvatnet. Ein følger grusvegen opp til reinseanlegget til Brattvåg Vassverk der vegen etter kvar deler seg i to. Den kortaste vegen til Hestevatnet er å følgje den bratte fjellvegen rett fram, men du kjem også fram med å følgje grusvegen mot høgre og deretter mot venstre. Når du kjem til vasshuset går vegen over til ei godt trakka rås på gras og lyngmark fram til Hestevatnet. Vått enkelte plassar.

Tilkomst og parkering

Du startar på parkeringsplassen ved Synnalandsvatnet. For å komme deg hit kjører du forbi idrettsanlegget i Brattvåg og opp i eit byggefelt som heiter Synnalandsdalen (Dalen). Her tek du til høgre i første krysset og følgjer vegen 200 meter før du kjem til parkeringsplassen. Parkeringsplassen ved demninga på Synnalandsvatnet. Ingen avgift

Fottur
Grønn
Lengde
1,5 km en vei
Stigning
164 m
Tidsbruk
1 t. 10 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
243 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Buss til sentrum av Brattvåg, men ikkje til starten på turmålet.
Køyreskildring
Print ut