English

Hestehornet-Vatnenipa-Koppefjellet

Volda / Ørsta

Kort om turen

Dette er turen som har alt; litt bratt opp til Hestehornet, rygg vidare som smalnar av før ein klyv opp nipa. Så vidare mot Koppefjellet med vidt utsyn, ned til idylliske Vadsteinvatnet, og til slutt passerer vi to setrar, Rotevassætra og Krøvelsætra.

Ruteskildring

Start like før eit lite hyttefelt. Det er merka og skilta til Hestehornet. Gå først rett fram på stien, så litt til høgre, før du går til venstre etter 50-100 m. Stien er godt merka opp gjennom skogen og ryggen, til Hestehornet. Frå Hestehornet følger du sti vidare langs kanten. Den er lett å finne det meste av turen vidare mot Vatnenipa, men nokre plassar er den litt utydeleg. Sikt deg inn på ryggen om du mister den, Det smalnar av når du nærmar deg Vatnenipa, og like før oppstiginga er det på det smalaste. Her er god sti å gå på. Sjølve klyvinga opp til Vatnenipa er ikkje veldig vanskelig, men nokre kan nok oppleve den som litt luftig. Gi deg tid og sjå kvar andre har gått før deg så går det fint å finne vegen. Når du har komt opp på Vatnenipa vandrar du vidare mot varden på Koppefjellet. Her er det vidt utsyn, og det er også her du best ser ruta du har lagt bak deg. Frå Koppefjellet og ned til Vadsteinvatnet er det delvis sti. I starten er den tydeleg, etterkvart må du finne beste ruta nedover sjølv. Nede ved vatnet finn du sti som du følger langs vatnet. Du passerer ei hytte i nordenden. Følg stien vidare frå vatnet og nedover til du ser ei bru på di venstre side. Her tek du 90 grader til høgre over eit myrlendt område utan sti, til Rotevassætra. Frå Rotevassætra går det sti vidare til Krøvelsætra. Her er ein del våte område, men stien er tydeleg. Ved Krøvelsætra er du tilbake på skogsvegen. Følg denne tilbake til der turen starta.

Tilkomst og parkering

Frå Volda sentrum: følg E39 mot Stryn. Ta av mot Vikebygda ved ei rundkøyring. Følg Vikebygdvegen forbi kommunegrensa og vidare om lag 1 km. Like etter nokre svingar, ser du skogsvegen (Nygjerdsvegen). (bompengar kr. 30 i 2017). Følg skogsvegen til like før eit lite hyttefelt. Sjå etter skilt til Hestehornet Frå Ørsta sentrum: følger RV 655 mot Sæbø. Ta av ved skilt som viser til Volda etter ca 9 km. Om lag 1,5 km etter at du tok av, ser du skogsvegen. Parkering langs vegen
Fottur
Rød
Lengde
10,21 km rundtur
Stigning
710 m
Tidsbruk
4 t. 20 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
940 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 7,8

Offentleg transport

Ev. sykle til start

Anna

Frå toppen av Koppefjellet kan du gå ryggen nordover; ei kortare rute ned til Rotevassætra. Her er berre tidvis sti og du må gjennom skog. Ruta er merka

Kart

Sunnmørsalpane
Køyreskildring
Print ut