English

Hestehornet

Ørsta

Kort om turen

Hestehornet ligg i Ørsta kommune og er eit fjell med særpreg sett frå Volda. Det stikk ut og ligg litt for seg sjølv. Dette gjer at det også er flott utsikt i mange retningar sjølv om toppen ikkje er så høg (694 m.o.h.). Den er lett tilgjengeleg etter at det kom skogsveg til Krøvelsætra, og det er ein tur som egnar seg både som trim- og familietur. Det er to ruter til toppen. Den eine går nokså bratt langs ryggen i tørt terreng, medan den andre ikkje er like bratt, men går i ein del myrlendt terreng. I denne omtalen er det lagt inn ein rundtur.

Rutebeskrivelse

Start like før eit lite hyttefelt. Det er merka og skilta til Hestehornet. Gå først rett fram på stien, så litt til høgre, før du går til venstre etter 50-100 m. Stien er godt merka opp gjennom skogen og ryggen. På grunn av orkanen Dagmar i 2012, måtte stien leggast noko om. Han er likevel lett å finne p.g.a. merkinga. Det stig raskt til topps langs ryggen. Utsikta er flott så det er vel verdt å ta ein stopp på veg opp for å sjå seg rundt. På toppen er det flatt og her er fint å sette seg ned ei stund, før du går ned att stien som er tydeleg ned mot Krøvelsætra. Du kjem ned på vegen like ved Krøvelsætra og går vegen tilbake til start.

Adkomst og parkering

Frå Volda sentrum køyrer du E39 mot Stryn. Ved ei rundkøyring tek du av mot Vikebygda (FV 45). Følg vegen heilt over Krøvelseidet. Omlag 1 km etter der vegen smalnar og like etter nokre svingar, seg du skogsvegen du skal køyre (Nygjerdsvegen). Her er det bompengar. Køyr bomvegen til du ser skiltet til Hestehornet like før eit lite hyttefelt. Frå Ørsta sentrum følger du 655 mot Sæbø. Ta av ved skilt som viser til Volda etter ca 9 km. I bakkane omlag 1,5 km etter at du tok av, ser du skogsvegen.
Fottur
Blå
Lengde
2,7 km tur/retur
Stigning
338 m
Tidsbruk
1 t. 35 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 2,2

Kart

Sunnmørsalpane

Lenke til turbeskrivelse

Friluftsforeninga - Hestehornet mandagstur
Kjørebeskrivelse
Print ut