English

Hellevatnet

Volda

Kort om turen

Hellevatnet ligg ved foten av snøbreane under fjellet Kjerringa, - fremst i Ulvestaddalen. Det er mogeleg å køyre med bil nesten fram til seterstølen, men går ein heilt nede frå bygda, er det ein bonus for meir trim for kroppen. Dette er ein lett tur som passar til heile familiar. Ved Hellevatnet stod tidligare ei hytte, - som vart teken av snøfonna på 1960 – talet. Det er fortalt at her var det eit lite elektrisitetsverk ved utløpet av vatnet, som skaffa straum til hytta, og under krigen var her straum til å bruke radio, for å lytte på London. Hellevatnet er ein fin plass for rastepause, og har god utsikt over eit stort område. Plassen er også eit fint utgangspunkt til vidare tur, som for eksempel til; Varane, Feirdalsbrua/vatnet Feirdalen, Skåravarnet, eller tek turen til toppen på fjellet Kjerringa Hellevatnet

Rutebeskrivelse

Frå Volda sentrum ferge til Lauvstad, gå eller køyr fv 652 til Ulvestad skule, ta deretter bygdevegen til skilt Ulvestadsætra og følg denne vegen til p-plass ved sætra. På sti vestover og forbi trimpost på morenerygg mot vatnet.

Adkomst og parkering

Ulvestadætra Ulvestadsætrta
Fottur
Blå
Lengde
2,3 km tur/retur
Stigning
408 m
Tidsbruk
1 t. 40 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 2,3

Kart

Sunnmørsalpane vest og Turkart Vanylven

Lenke til turbeskrivelse

Hellevatnet
Kjørebeskrivelse
Print ut