English

Hellandshornet

Haram

Kort om turen

Hellandshornet (882) i Haram kommune er ein flott fjelltur med god utsikt mot Nordøyane og ut i havet. Kan også kombinerast med ein tur vidare til Keipen og Storfjellet. Turmålet er toppvarden.

Ruteskildring

Stien starter frå parkeringsplassen, og den er enkel å finne. Den første delen er opp til Heia går ein bratt opp gjennom skogen. Dette er også den aller tyngste delen av turen. Nokre stader heng det tau festa på sida av stien som gjer det litt enklare, men det er verken luftig eller farleg, om kun ein fare for å få støle lår og leggar, eller kanskje ein blåkul på rumpa om du har lyst ned veldig fort.

Når du kjem over dette stykket, har du utsikt heile vegen, og kan sjå opp mot sjølve fjellet. Følg den tydelege stien vidare på småstein, lyng og mose. Den siste delen opp mot sjølve toppen er steinur og litt brattare. Midt oppe i ura er det reist ein kjempevarde som ein skal passere. Oppe på toppen kjem ei lita improvisert hytte med pipe på høgre sida, og toppvarden følgjer like etter. Det høgaste punktet ligg ikkje ved varden, men knapt 2-3 minutt lengre sør. 

Tilkomst og parkering

Køyr Fv 659 mot Brattvåg, og ta av til høgre mot Hellandshamn på veg nr 5966. Etter bebyggelse kjem ein lang venstresving, og du passerer ein fabrikk på høgresida. Avkøyring til parkeringsplassen ligg i neste kryss (sjå bilde). Det er også er par parkeringsplassar langs vegen (ved krysset).

Fottur
Rød
Lengde
2,87 km en vei
Stigning
850 m
Tidsbruk
3 t. 35 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
877 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,87

Offentleg transport

Det går buss ein sjeldan gong, sjekk http://www.frammr.no, Hellandshamn. Ikkje sikkert at bussen går forbi der turen startar, og ein må då gå eit stykke.

Kart

093 Vigra (Statens Kartverk)
Køyreskildring
Print ut