English

Helgehornet frå Hovdevatnet

Volda / Ørsta

Kort om turen

Helgehornet ligg i Volda kommune, men undervegs er du innom Ørsta kommune. Dette er eit mykje nytta turmål. Både fordi det er ein tur som passar for dei fleste og på grunn av det flotte og vide utsynet du har under det meste av turen, og ikkje minst på toppen. Det er lett å kjenne igjen Helgehornet fordi den har ei høg mast på toppen.Dei fleste startar turen frå skytebana i Sollidalen. Denne turomtalen har start ved Hovdevatnet. Her er stien litt tørrare.

Ruteskildring

Gå skogsvegen oppover til endes. Du passerer eit skilt mot Helgehornet. Gå forbi dette. I enden av skogsvegen startar ein tydeleg sti. Etterkvart kjem du inn på stien som dei fleste nyttar, den som kjem frå skytebana i Sollidalen. Det er lett å finne vegen vidare mot toppen, som du no ser på resten av turen.På returen kan du velje ei litt anna rute og kome ned att til skiltet mot Helgehornet som du passerte på veg opp. Når du kjem til stimøtet der du kom inn på hovudstien på veg opp, følger du hovedstien nedover til du kjem til ei lita myr. Rett etter denne, tek du ein sti som går til venstre.

Tilkomst og parkering

Køyr E39 frå Volda mot Ørsta. I rundkøyringa ved Furene tek du av mot Ulsteinvik på RV653. Køyr gjennom første tunnelen (Morkaåstunnelen). Like før tunnel nr.2, (Helgehorntunnelen) tek du av mot Hovdebygda. Ta så av første veg mot venstre. Her er skilta mot Helgehornet. Dette er ein god skogsveg. Du kan køyre ganske langt oppover her, alt etter kor lang du vil gjere turen. I denne turomtalen startar vi ved ei ferist omlag midtvegs. Parkering er mulig fleire stader langs skogsvegen
Fottur
Blå
Stigning
446 m
Tidsbruk
3 t. 20 min.
Høyeste punkt
603 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3,3

Offentleg transport

Buss mellom Volda/Ørsta og Ulsteinvik. http://www.frammr.no

Lenke til turskildring

Helgehornet - Westcoastpeaks
Køyreskildring
Print ut