English

Heimarhaugane, rundtur

Stranda

Kort om turen

Heimarhaugane var sommarsætra for gardane på Kjølås og Giskehaug, men vert no brukte som hytter. På Heimarhaugane har du god utsikt ut Storfjorden og inn Norddalsfjorden, og du ser også opp til skianlegget i Hevsdalen. Denne turen er ein fin rundtur der det meste av turen opp går på god rås.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen går det 3 vegar. Velg den lengst til venstre ca 300 m og ta til høgre skilta mot Dregetua. Råsa går først vestover opp gjennom skogen, svingar så sørover og går over myrane opp til Heimarhaugane. Der er skilta mot Dregetua i alle kryss. På returen frå Heimarhaugane går du råsa tilbake ca 100 m og tek til høgre, råsa går då nedover i skogen og kjem inn på skogsvegen du starta på, ta til venstre og gå den ca 1 km tilbake til parkeringsplassen. Langs skogsvegen er der fint tilrettelagt med rasteplassar. Dersom du vil gå turen som tur/retur på råsa vert turen 4 km.

Tilkomst og parkering

Frå ferjekaia i Stranda sentrum: køyr fv 60 Storgata ca 700 m, ta til venstre på Bygdavegen skilta mot Opshaugvik. Kjøyr ca 800 m og ta så til høgre opp ein bratt bakke på Lundevegen. Her kjøyrer du ca 200 m før du tek til venstre og køyrer ca 300 m før du tek til høgre på Kjølåsvegen. Her kjøyrer du ca 250 m før du tek til høgre mot Skaugum og køyr til vegs ende ( ca 500 m). Her finn du god parkeringsplass med infotavle med kart og ruteskildring. 

Fottur
Blå
Lengde
4,36 km en vei
Stigning
339 m
Tidsbruk
2 t. 0 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
510 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,36
Sti 3

Kart

M711 1219 I, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut