English

Heida

Herøy

Kort om turen

Turen til Heida er ein lett og fin tur med god utsikt frå toppen mot Sunnmørsalpane, Rovdefjella, fjella i Indre Herøy og fjella i Ulstein. Turen går på skogsveg og god rås i skogen opp mot toppen. Der er lagt ut trebruer på dei våtaste partia. Gurskøy IL har trimpost på toppen.

Ruteskildring

Start på parkeringsplassen i Kleppefurene og gå skogsvegen mot vest og ta til venstre i første vegkryss (etter ca 100m) gå deretter vegen sørover til endes (ca 250m) kryss elva og gå råsa sørover opp gjennom skogen, når du har gått ca halve lengda mot toppen svingar råsa mot aust og går over myrane mot toppen.

Tilkomst og parkering

Ta av frå fv 61 i vegkryss austapå Leikong kyrkje, skilta mot Voldnes, køyr Jøsokvegen ca 1,3 km og ta til høgre og køyr ca 600 m og ta til høgre i vegkryss etter skule/grendahus og køyr skogsvegen ca 600 m til parkeringsplassen i Kleppefurene. Parker her. God parkeringsplass i Kleppefurene.
Fottur
Grønn
Lengde
1,38 km en vei
Stigning
170 m
Tidsbruk
1 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
237 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,35
Sti 1

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 II, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut