English

Heggurdalen

Fjord

Kort om turen

OBS! Opnar ca. 15. juni. Fin familietur i flott natur med god utsikt. Når ein kjem til Hegguraksla (1000 moh.) - turens høgste punkt med stor varde, er det flott utsikt til Tafjord, Fjørå, Eidsdal, Linge og Stranda. På andre sida av fjorden ser ein dei fråflytta gardane Korsneset, Kaste, Osvika og Kvernhusneset. Når ein går vidare innover kjem ein til dei anlegga som overvåker rasfaren i Heggura, hovudsakleg i lia langt nedanfor råsa. På Heggurdalstølen (850 moh.) er det tre sel med fjøs under. Det vart sætra i Heggurdalen fram til 1946. Går du til høgre frå sela ca 200 m (mot vest) kjem du til ein fin utsiktsplass (Flåna).

Rutebeskrivelse

Køyr til Fjørå (mot Tafjord) og følg skilta veg til Selboskar. Når du kjem til Selboskar deler vegen seg. Kjør til høgre. Etter ca 250 meter kjem du til merka parkeringsplass på nedsida av vegen på Hauge (400 moh.). Frå parkeringsplass går du på asfaltveg ca 300 meter til du kjem til sæterveg på venstre side, skilta til Nysætra. Følg setervegen (grusveg) oppover til rasteplassen på Nysætra (ca 680 moh). Vidare går du på merka rås skilta Heggurdalen. Råsa går i slakt terreng med ei stigning mot Hegguraksla, 1000 moh. Derifrå går råsa i kupert og delvis luftig terreng bortover og nedover til Heggurdalstølen, 850 moh. Kasse på sel.

Adkomst og parkering

Køyr frå Valldal gjennom tunnellen til Fjørå (mot Tafjord), følg skilta veg til Selboskar. Ta av til høgre til merka parkeringsplass 250 meter. Parkeringsplass Hauge, fri parkering
Fottur
Rød
Lengde
5 km en vei
Stigning
600 m
Tidsbruk
4 t. 0 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,2
Sti 2,6

Offentlig transport

Nei

Kart

Turkart for Norddal 1:50 000, Tafjordfjella 1:50 000
Kjørebeskrivelse
Print ut