English

Haugsetra

Ålesund

Kort om turen

Turen går gjennom fin bjørkeskog inn til setra. Innimellom opnar skogen seg og du har flott utsikt bl.a. mot Giskemonibba i sør. På høgre sida av vegen ser du etter kvart skilt til Postvegen og den rette gata postvegen lagar ned mot Kvanndalsvegen. Inne på Haugsetra blir landskapet opnare. Her er det både nye hytter og gamle sel. 

Ruteskildring

Start ved busshaldeplassen like ved Fjellstova, evt. parker ved Fjellstova. Du går langs skilta grusveg frå Europavegen. Vegen går gjennom hyttefeltet like forbi Herdhytta og vidare innover. Haugsetra er eit godt utgangspunkt for skiturar både mot Jutevatnet og over til Vaksvika.Frå parkeringa er det også skilta tursti til Nyseternakken. Frå Haugsetra går vegen over i ein god sti som fører vidare inn på ein liten haug like før Røde Kors hytta. Her står det eit skilt om Måslia naturreservat som er oppretta for å verne denne myra.Ved skiltet om naturreservatet har du fantastisk utsikt frå Giskemonibba i sør til Snaufjellet, Koldafjellet, Geitnibba, Høgsvora, Næremstindane, Sprovstind og Sandfjellet.

Tilkomst og parkering

Følg E 39 til Fjellstova på Ørskogfjellet der turen startar. Parkeringsplass like ved busshaldeplassen ved Fjellstova, evt. parker ved Fjellstova. Fjellstova tek parkeringsavgift om vinteren.
Fottur
Grønn
Stigning
50 m
Tidsbruk
55 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
382 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3

Offentleg transport

Ja. Fram ekspressen går forbi kvar time.

Anna

Måslia naturreservat vart oppretta i 1996. Formålet med vernet er å ta vare på eit sjeldan stort myrområde med verdi som eit nasjonalt typeområde. Det er på 9 km2 og omfattar delar av kommunane Ørskog og Vestnes.

Kart

Ørskogfjellet

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps og kontant
Køyreskildring
Print ut