English

Hasundhornet frå Gardshol

Ulstein

Kort om turen

Turen startar ved Gardshol. Ei kort og litt bratt rute til Hasundhornet. Likevel ikkje brattare enn at den er grei for dei fleste. Dette er ei solrik rute, og det er ikkje minst flott å gå denne ruta om kvelden og få med seg solnedgangen.Om våren finn ein svært mykje kusymre i området

Ruteskildring

Ruta har tydeleg sti. I om lag 340 meters høgde (N62° 18.605' E5° 52.219') kjem du inn på ein gamal kjerreveg. Her tek du til venstre. Du passerer nokre gamle murar i 400 meters høgde. Gå forbi desse og vidare på tydeleg sti til topps. Stien går langs kanten av fjellet med god utsikt særleg mot Dimna og Herøy

Tilkomst og parkering

Start ved RV61 omlag 900 m etter avkøyring til Dimna når du kjem frå Ulsteinvik. Starten er godt merka med ein merkstaur (ca. 50 m i retning mot Haddal frå der du kan parkere). Like ved start er det plass til å parkere.

Fottur
Blå
Lengde
3,85 km tur/retur
Stigning
477 m
Tidsbruk
2 t
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
517 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3,9

Offentleg transport

Buss mellom Volda/Ørsta og Hareid/Ulstein http://www.frammr.no

Kart

norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut